Førde IL Sommaridrettsskule 2023

Førde IL Sommaridrettsskule 2023


Arrangør: Førde IL - Idrettsskole
Påmeldingsfrist: 09.06.2023 15:00

Tid


Sted

Vis kart

Pris

Påmelding fra kr 900,00 inkl. avgifter

Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom onsdag 21. juni og fredag 30. juli 2023 (veke 25 og 26). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet. 

Sommaridrettskulen er på dagtid frå 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er mellom anna friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, natursti, symjing og vannpolo, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil vere inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi med oss spesialinstruktørar innan enkelte aktivitetar.

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 900 for 1 veke, kr. 2400 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist: Fredag 02. juni 2023.

Dersom påmelde ikkje er medlem av Førde IL må medlemskontingent på kroner 150,- betalast i tillegg. Kontingenten inkluderer barneidrettsforsikring på våre arrangement. I følge NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat.

Påmeldinga er bindande. Vi bemannar arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så tilfelle med "uføresett sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje Førde IL ta økonomisk risiko for.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Fredrik Hanssen, på telefon 902 65 493 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.