Nærløp Kråkenesmarka
Postet av Førde Idrettslag den 12. Aug 2024
Onsdag 14. august vert det o-løp i Kråkenesmarka kl 18.00. Løype-tilbod: A-lang 4 km, B-løype 2,5 km, C-løype 2,1 km og nybyrjarløype på 1,2 km. Start og mål nær parkeringen ved Skyttartunet.
O-gruppa kjem til å Skyttartun i Kråknesmarka som arena for løp dei tre neste onsdagane; 14.8, 21.8 og 28.8. Etter løpet er det mogeleg å sette seg ned inne i Skyttartun, kjøpe seg ei vaffel, kaffi og/eller saft, og sjå på gode og mindre gode o-tekniske val :)
Påmelding ved frammøte, eller aller helst her via Eventor.
Velkomen til alle!
Minner og om Vestlandsmeisterskapen i orientering som vert arrangert 17.-18. august på Os litt sør for Bergen. Her skulle vi gjerne hatt med fleire løparar frå Førde. Informasjon og påmelding finn du her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Kompetansehelg Gardermoen
27.09.2024
KM-natt og Haustbløyta i Naustdal
17.09.2024
Orientering Slåtten skule 18.9.
17.09.2024
O-løp Sunde skule 11.9.
09.09.2024
O-løp Gjesdalsdalen 4.9.
02.09.2024
Gratis aktivitetstilbod 8-12 år
01.09.2024